(Merk! Grunna problem med opplastinga av bileta frå dag 4 og 5, har ikkje lenkja til slutt i denne posten virka før no).
Her kjem endeleg neste oppdatering frå gutta på tur. Det er ikkje alle dagar det er like lett å få til oppdateringar, sidan ikkje alle plassane me besøker er like mykje ”på nett” som me er vant med frå heime. Difor er det heller ikkje alltid me får tid til å svare på kommentarar. Me rekk som oftast berre å leggje ut oppdateringa og bileta når me får litt tid ute på internettet. Håpar dette betrar seg framover då, sidan bungalowen me bur i no faktisk har trådlaust internett.
Denne oppdateringa omhandlar torsdag og fredag, medan det bør kome ein oppdatering i kveld (lokal tid), som tek før seg kva me har gjort i dag, laurdag.
Uansett, så starta torsdagen på vanleg vis. Først frukost, før me kava oss ut i Bangkok-trafikken. Dagens første aktivitet var kanal-cruise i ein elvebåt, der me køyrde gjennom mange av dei små elvane som går gjennom Bangkok. Her var det mykje spennande å sjå, spesielt alle husa som sto på pålar i vatnet, og korleis dei lokale bada i vatnet, som mest såg ut som det kom rett frå septiktanken heime.
Etter at matros Fortun og matros Hatlevoll hadde sett sjøbein, og etter kvart også kome oss på land att, hadde me eigentleg tenkt å sjå på ei siste Buddha-statue, ein svær liggjande Buddha, men me fann etter kvart ut at me hadde sett nok Buddha’ar for ei stund.
Me enda i staden opp med å reise tilbake til hotellet (etter ein svipptur innom Subway og Burger King sjølvsagt
). Her venta me på å bli tekne til togstasjonen i Bangkok. Etter kvart kom det ein kar i ein gamal Mercedes, og før me viste ordet av det, var me klar til å gå om bord i toget til Chumphon.
Forventningane våre til dette nattoget var ikkje spesielt store, og me vart vel heller ikkje positivt overraska over innkvarteringa. Men pytt, me har sett verre. J Denne togturen skulle i utgangspunktet ta litt over 8 timar, men enda opp med å ta litt over 10 timar i staden for. NSB heime har litt å lære der, berre 2 timar forseinka…
Uansett, så viste denne togturen at ting i Thailand ikkje nødvendigvis er så annleis frå heime, då eg vart kjent blant personalet på toget, som ”No sleep man”. Medan dei fleste andre hadde lagt ned sengene, og slege seg til ro, sat eg å tasta på pc’en. Eg føretrekte å sove sitjande etter kvart som eg vart trøytt, og dette var tydelegvis noko som fascinerte personalet.
Etter å ha kome fram i Chumphon, bar det vidare ut til kysten med buss, før me tok ein katamaran ut til øya Ko Tao, der me skal tilbringe dei neste dagane. Denne øya var fantastisk flott, og langt stillare og fredelegare enn stressane Bangkok.
Sidan me først kom fram til bungalowen me bur i ut på morgonkvisten, brukte eg mesteparten av dagen til å slappe av. Kim Henrik derimot var meir tiltaksfull, og starta ut på dagen med første leksjon i dykkarkurset han skal delta på.
Resten av dagen skjedde det fint lite, men me tok ein del bilete dei to siste dagane, som de kan sjå ved å trykkje her.
- Asia out!