Lenge sidan sist og mykje har skjedd. Me er no komne til Auckland, New Zealand, men me får vel starta frå byrjinga. Den 19. starta som dei andre dagane i Gold Coast med litt skyer og lett regn. Eg stod opp tidleg fordi eg skulle på surfekurs denne dagen. Vart litt bekymra når eg såg ned på stranda sidan bølgjene var ekstra store denne morgonen. Dette skuldast syklonen Uluhi som har rasert Fiji og no ligg utanfor Australia og kastar store bøljer inn mot kysten. Surfinga gjekk som planlagt og opplevinga var kjempe.
Surfinga starta med litt info om brett, straumar, sikkerheit og teknikkar før det var ut å teste litt forsiktig. Etter ei stund på dei mindre bølgjene på grunna var det tid til å bevege seg ut på djupna og prøve å stå opp for første gong. Eg vart litt stolt når eg greidde å stå inn den første bølja eg prøvde å stå på og instruktøren virka imponert.
Eg må innrømma at det ikkje gjekk like fint alle gangane og eg hadde eit par komiske fall, men det er vel å forvente av ein amatørsurfar. Etter eit par timar var eg ganske sliten etter å ha kjempa med massive bøljer og sterke straumar så det var fint å kunne slappe av poolen på hotellet og nyte den siste sola i Surfers Paradise. Jan var ikkje med på seansen så har ikkje bilder frå dette dessverre.
Neste dag var avreise dag og me tok toget nord til Brisbane. Her var me ein dag før me tok flyet til Auckland. Dette flyet tok berre 3 timar, men me forflytta oss også 2 tidssoner så også mykje av denne dagen gjekk med til reising (me er no altså 12 timar framfor Noreg til opplysning). På flyplassen vart eg atter ein gong sjekka av narkohund og måtte vise tinga mine. Det viste seg at det var eit eple i bagasjen min den ville ha. Eg har ein lei tendens til å alltid bli stoppa i kontrollar på flyplassar. Kan nemna at eg ha måtte visa tingi mine nokon gangar og vorte sjekka for radioaktive stoff i tillegg til hundesjekkane. Eg ser sikkert skummel ut og må sjekkast og utspørjast.
Men over til dagen i dag den 22. mars. Eg har eit ønske om å komme til New Zealand og prøve Skydiving og det har eg gjort i dag.
Til opplysning så er New Zealand kjent for å ha mange adrenalinsøkjande folk . Ikkje det at eg er noko spesielt ein slik type, men dette måtte prøvast ut. Så eg vart henta her me bur og me køyrte ca. 40 min. nord for Auckland der dette selskapet held til som driv med Skydiving. Hadde i grunn ikkje så mykje nervar før me va kome opp i flyet og var på veg oppover til 12000 fots høgde. Etter ca. 20 min. flytur oppover var det tid til å gjere seg klar og feste meg til instruktøren som til opplysning var ganske grei.
Eg kasta meg i det og det var utruleg moro å suse nedover mot jorda gjennom skyer og med ein utsikt som ikkje kan slåast. Når fallskjermen utløyste seg var det eit kjempe rykk og plutseleg var det som om me stod stille i lufta. Eg fekk faktisk lov å styre fallskjermen på veg nedover. Så alt i alt var dette ein nervepirande og utruleg moro oppleving som bør prøvast (Har ikkje så mange bilde av dette, men har ein dvd-film frå stuntet som de finn lenkje til nederst i posten.
Seinare denne dagen var me på Skytower her i Auckland som er eit høgt tårn på lik linje med det me var på i Sydney, men dette skal vist vere høgare. Fin utsikt over byen og fint for å få seg ein oversikt over kor ting er. Seinare i dag skal me på kino å sjå filmen Green Zone.
Bilete frå dei siste dagane, kan de sjå her, i tillegg ligg det ein video frå skydivinga her!
