Category Archives: USA

USA

Dag 53, 54 og 55

0
Filed under USA

Etter snart 2 månader på tur, skulde heimreista starta om morgonen, dag 53. Me tok først Subway, og deretter buss fram til flyplassen me skulle reise frå; JFK. Det hadde ikkje vorte sagt noko særleg om åska i Europa på nyheitene, så me var optimistiske om at me skulle komme heim dagen etter, som planlagt. Men, som tittelen i denne posten kanskje avslører, gjekk ting ikkje heilt som planlagt.

Flyturen starta med ei forseinking på nesten ein og ein halv time. Ein skulle kanskje tru at det var åska som var problemet, men det stemde heldigvis ikkje. Ei av rullebanene på JFK var under ombygging, så me måtte vente lenge på vår tur til å ta av.

Personleg, så har eg aldri i mitt liv våre så frustrert som når me venta på å ta av. Eg viste at me berre hadde ein time å gå på når me kom fram til London, og skulle ta flyet til Oslo, så ting måtte skje fort i New York. Spesielt irriterande var det å ha ei klokke på skjermen framfor oss på flyet, som sa forventa ankomsttid i London. Eit tidspunkt som etter kvart nærma seg, og til slutt gjekk forbi tidspunktet flyet frå London til Oslo skulle ta av på. Me hadde offisielt mista vårt første fly på tur turen!

Omsider tok me endeleg av, og me reiste gjennom natta til London. Når me landa der, var det rimeleg nøyaktig ein time sidan flyet vårt til Oslo hadde gått. Eg frykta at det kanskje kom til å bli vanskeleg å få eit nytt fly til Oslo, på grunn av alle dei stranda passasjerane som ville heim, men det viste seg å gå fint. Det vart nokre timar med venting, så me fekk utdelt ein matkupong på 10 £ frå British Airways.

Omsider fekk me også teke flyet til Oslo, og me byrja å sjå lyset i enden av tunellen. Det lyset viste seg etter kvart å vere eit hurtigtog i stadenfor utgangen av tunellen. Når me kom fram til Oslo, hadde jo sjølvsagt Widerø-flyet me skulle ta til Haukåsen både reist og komme fram for lenge sidan. Me vart difor booka om på eit seinare Widerø-fly. Med andre ord fleire timar med venting.

Rett ut av det blå vart plutseleg dette flyet kansellert! Den offisielle årsaka var ”Operasjonelle årsaker”, men me har sikre kjelder (!) som seier at den reelle årsaka til kanselleringa var at det rett og slett ikkje var nok passasjerar til at det vart lønsamt å fly.

Me vart uansett rebooka igjen, til eit fly som gjekk klokka 22.05 om kvelden. Dette var mange timar fram i tid, så me fekk vår andre matkupong for dagen. Unødvendig å seie at den ikkje strakk like langt med norske prisar som den gjorde med engelske prisar.

Etter at klokka hadde snigla seg fram mot 22.00 var me endeleg klar til å borde flyet… Trudde me. 5 min. før bordinga skulle starte, vart også dette flyet kansellert! Denne gongen skuldast kanselleringa dårleg vær både på Haukåsen og i Førde. Det var både skodde og snødrev… Ikkje mykje å gjere med det.

Denne kanselleringa førte til å me vart sendt på hotell for kvelden. Nærare bestemt Thon Hotels Oslo Airport. Me hamna på Business-delen av hotellet, og dette var faktisk det beste hotellet me har budd på heile turen!

Morgonen etter, dag 55, altså dagen etter at turen eigentleg skulle våre over sette me oss endeleg på Widerø-flyet som skulle ta oss til Haukåsen. Nesten framme på Haukåsen låg skodda som vanleg  tjukk som graut rundt flyplassen. Piloten åtvarde oss om at me kanskje ikkje kunne lande, og eg byrja å lure på om denne heimturen nokon gong kom til å vere over… Heldigvis var det akkurat nok sikt til å kunne lande, og me kunne omsider setja føtene litt meir lokale trakter att, vel eit døgn seinare enn planlagt. Herleg å vere heimattkomen! :) Bileta frå heimreisa kan de forresten sjå her!

Denne posten markerar slutten på blogginga vår, og i den samanheng vil både eg og Kim Henrik takke alle lesarane våre. I følgje statistikken til sida, har me hatt utruleg mange lesarar, mange fleire enn forventa, og me håpar at det har vore moro å følt oss rundt om kring i verda. Me har i alle fall hatt det kjempekjekt. Takk for oss! :)

Dag 51 og 52

3
Filed under USA

Enden på turen nærmar seg med stormskritt. Forhåpentlegvis kjem me oss heim som planlagt.

Dei to siste dagane i New York har me nytta til hovudsakleg meir sightseeing. Me har gått over Brooklyn Bridge, vore innom Chinatown, Little Italy, Soho, Harlem og gått Central Park på langs. Me har i tillegg vore å sett Grand Central Terminal og United Nations-bygningen. Nok ein gong har me også vore på kino her i New York. Denne gongen  såg me Clash of The Titans i 3D.

Veret her i New York kan me heller ikkje klage på. Starten på veka var det kaldt med ca 10 varmegrader, mens dei siste dagane har temperaturen låge på ca. 20 grader og sol. Det ska bli kaldt å komma heim igjen, sjølv om at eg høyrer det er vår heima og, (våren er i alle fall på veg).

Så oppsummert kan eg seie at New York er ein stor by med mange forskjellige menneske. Ta for eksempel nabolaget me bur i. Eg trur me er dei einaste kvite, det verkar i alle fall slik. Men folk er hyggelege stort sett og det er ikkje vanskeleg å komme i kontakt med folk her.

Så i morgon reiser me heimover, og som Jan sa: ”Prøv å ikkje trø så hardt når ein går, så Katla-vulkanen går av…”

Bilete finn de her!

Dag 48, 49 og 50

2
Filed under USA

Dag 48 tok me først på dagen turen til ”Ground Zero”, altså staden der ”World Trade Center” sto. Her er det no ein stor byggjeplass, men dei har også sett opp minnesmerke her, blant anna nokre stålbitar som vart funne samansett som ein kross i restane av tårna.

Etter besøket ved ”Ground Zero” tok me turen ned til hamna i Manhattan, der me tok eit cruise ut til øyane ”Liberty Island”, for å sjå på fridomsgudinna og ”Ellis Island”, for å sjå på staden der mange av immigrantane til USA kom først.

Me var også innom ”Wall Street”, såg New York Stock Exchange og oksen som skal illustrere oppgangen på den amerikanske børsen; ”Charging Bull”. For å avslutte kvelden var me på kino for å sjå ”Kick-Ass”. Nok ein film so neppe får nokon Oscar, men den var heilt grei underhaldning.

Dagen etter besøkte me kanskje verdas mest kjende skyskrapar, nemleg ”Empire State Building”. Utsikten frå toppen var fantastisk, sjølv om det var ganske kald vind der oppe. Me vandra og denne dagen langs fifth avenue. Resten av dagen på hotellet for å slappe av. Me har tross alt ha masse på gang dei siste dagane.

Heile dag 50 gjekk med på ”American Museum of Natural History”. Dette museet omhandlar alt frå amerikanske indianarar, meteorittar i solsystemet til dinosaurar. Veldig mykje interessant her. På vegen til museet fekk me også sjansen til å gå gjennom velkjende ”Central Park”. Denne parken mitt på Manhattan er gigantisk, og sjølv om me berre gjekk gjennom ein brøkdel av han, tok det lang tid.

Fram til neste oppdatering, (noko som forhåpentlegvis vert siste oppdatering før me reiser heim, sjølv om ein ikkje veit noko med denne åskeskya heime), kan de sjå bileta frå dei siste dagane her!

Dag 46 og 47

4
Filed under USA

Avreise frå Colorado Springs etter ei fantastisk opphald hos familien Dooyema, som tok godt imot oss og har gjort mykje for at me fekk eit fint opphald hos dei. Me flaug frå Colorado til Minneapolis der me hadde ein mellomlanding før me reiste vidare til LaGuardia flyplass i New York. Etter litt jobbing fekk me ordna transport frå flyplassen til hotellet me hadde bestilt like ved flyplassen. Det enda med at hotellet betalte taxi til oss sidan deira shuttle-buss ikkje gjekk, så no har me køyrt med dei legendariske yellow-cabs som New York er kjent for.

Fredag (dag 47) reiste me vidare til det hotellet me skal bu på under opphaldet i NYC. Det ligg i Long Island City/Queens , berre 2 subway-stopp frå Manhattan så me bur ganske sentralt tross alt. Derfor har me kjøpt oss eit 7 dagars metrokort så me kan reise så mykje me vil fram og tilbake, noko som er fint sidan metroen er det beste framkomstmiddelet her i byen.

Me har i dag blant anna vore å sett Times Square, vandra rundt på Broadway, besøkt Macy’s som sikkert mange veit er verdas største butikk og Madison Square Garden. Det er mykje forskjellig å sjå i denne byen så trur ikkje me får problem med å finne på ting dei neste dagane… Samtidig så føl me med på kva som skjer i Europa med flykanselleringar osv, men får håpa vulkanen på Island roar seg ned til neste veke når me skal fly heim igjen.

Bilete frå desse dagane finn de her!

Dag 41, 42, 43, 44 og 45

1
Filed under USA

Det byrjar å bli nokre dagar sidan førre oppdatering no, men det betyr ikkje at me har rota oss vekk. Me har berra drive med masse morosamt, og då går tida fort, det vert med andre ord lite tid til bloggskriving. Her kjem i alle fall ein oppsummering av dei siste dagane, med tilhøyrande bilete.

Dag 41 reiste me for å besøke Hearst Castle. Dette er eit slott oppe på ein bakketopp i San Simeon. Slottet vart bygd tidleg på 1900-talet av avismogulen William Randolph Hearst. Han var kjend for å samle på antikvitetar, og det var mykje interessant å sjå på dette slottet.

Seinare på dagen sette me kursen vidare sørover mot Los Angeles, og kom til byen Solvang. Dette namnet høyrest kanskje ikkje spesielt amerikansk ut, og det er fordi det ikkje er det. Solvang er ein dansk by, og det var fascinerande å sjå korleis alle husa såg ut som tradisjonelle danske hus, og kor mykje danske ting som vart selt her. Me åt som seg hør og bør på ein dansk restaurant, og alle kjøpte tradisjonell dansk mat. Vel, nesten alle… Eg åt sjølvsagt cheeseburgar… Sjølv om ”Hakkebøfen” kanskje ikkje smakte som forventa for alle, var det uansett ei interessant oppleving.

Denne kvelden sov me i Oxnard rett utanfor Los Angeles, i eit av dei betre hotella så langt på turen.

Dag 42 var siste dagen på tur med Daniel, Erlend, Eirik og Chevrolet Suburban’en. Me starta dagen med å køyre inn til Los Angeles for å ta ein kik på Rodeo Drive, Santa Monica Pier og Venice Beach. Ikkje mykje hadde endra seg sidan sist gong me var her, bortsett frå været, som var betrakteleg dårlegare no, nesten kaldt faktisk.

Ut på ettermiddagen tok me ein tur til Best Buy og handla litt, før me sette kursen mot flyplassen. Denne gongen, som sist; LAX. Her hoppa me av bilen og bad adjø med resten av gjengen. Dei tok bilen tilbake til leigebilselskapet, sidan dei hadde eit seinare fly. Oppsummert  har roadtrip’en vore ei fantastisk oppleving, og det å sei adjø til bilen, California, og ikkje minst resten av gjengen har var spesielt.

Rundt klokka halv 9 om kvelden flaug me til Colorado Springs i Colorado. Her skulle me bu hos Darrell og Annette Dooyema, og sønene deira Dylan og Jared. Dette er  nok namn som mange skjoldingar dreg kjensel på.

Dag 43 starta med ein gåtur i ein park kalla ”Garden of the Gods”. Her var det mange stiar rundt blant dei mange spesielle steinformasjonane. Deretter besøkte me endå eit slott. Dette er faktisk eigd av organisasjonen ”The Navigators”, som Darrell jobbar for. Me gjekk også ein tur i ein liten dal bak slottet, der me såg nærare på korleis slottet får ferskvatnet sitt. Colorado er ein av dei tørraste statane i USA, så det vatnet ein har er viktig å ta god hand om.

Seinare på dagen tok me turen for å sjå på eit lokalt college. Dette var ikkje eit vanleg college, det var ”United States Air Force Academy”, altså eit college som fokuserte på å utdanne folk som seinare kunne gå inn i flyvåpenet. Ganske interessant å sjå korleis det var å gå på skule her.

Om kvelden kom Lars på middagsbesøk. Alltid morosamt å treffe gamle kjende att. Han var definitivt ikkje den siste gamle kjenningen me kom til å treffe her.

Seinare på kvelden tok me turen til Colorado College saman med Darrell. Her var det eit arrangement kalla ”Study Break”. Studentane var samla for å drikke kaffi og ete kaker, før dei skulle ha ein eksamen eit par dagar seinare. Underhaldninga bestod av folk som song og spelte eigenkomponerte songar.

Dag 44 stod me opp tidleg. Planen var å ta eit tog opp til den kjende toppen Pikes Peak (4302 meter over havet), men ruske vær på toppen sette ein stoppar for dette. I staden tok me turen til nokre grotter kalla ”Cave of the Winds”. Her gjekk me rundt i eit stort nettverk av grotter og tunnelar langt inne i fjellet.

Me fekk også tid til å besøke eit av dei tre hovudkvartera til den amerikanske OL-laget, før me reiste nordover mot Denver. I Denver skulle me faktisk på baseballkamp! Me såg heimelaget Colorado Rockies slå New York Mets. Verken meg eller Kim Henrik hadde spesielt mykje peiling på baseball, men resten av reisefølgjet forklarde oss dei viktigaste tinga.

På denne kampen møtte me endå ein gamal kjenning frå Skjolden, Cody. Han hadde med seg kompisen Garreth, som faktisk kjem til Skjolden i sommar. Dei andre som var med på kampen var Lars, Darrell, Dylan, Darrell sitt søskenbarn Daniel og kameraten hans Keaton, og sjølvsagt meg og Kim Henrik. Kampen var ei fantastisk oppleving, og me fekk til og med sett eit homerun! ;)

Dag 45 skulle me av alle ting stå på ski! Eg hadde definitivt ikkje trudd eg kom til å stå på ski i løpet av turen. Når me reiste frå Haukåsen den 1. mars, hadde eg faktisk både stillongs og vinterjakke på meg. Det verka tåpeleg då, men jammen fekk eg bruk for det att! :)

Om morgonen reiste eg, Kim Henrik, Darrell og Dylan til skistaden Copper Mountain (ca. 3000 meter over havet) for å stå på slalåmski. Darrell hadde to gratiskupongar liggande, noko som var bra, sidan eit dagspass kosta nesten 100 $. Etter å leigd ski og tilhøyrande rekvisita, sette me utfor bakkane. Det hadde vore ei stund sidan eg og Kim Henrik hadde stått på ski, så me tok det med ro i starten. Etter kvart kom me tilbake i rytmen, og sjølv om eg framleis ser ut til å ploge nedover bakkane, så gjekk det ganske bra. På slutten av dagen prøvde me til og med halfpipen. Dylan var faktisk veldig flink å stå på ski, sjølv om han er berre snautt 5 år.

Litt utpå dagen trefte med også C. J. i bakken. Han er ein av mange som kjem tilbake til Skjolden i sommar etter å ha vore der tidlegare. Etter at me var ferdige i bakken reiste me alle for å ete på Wendy’s. Der møtte me også Lindsey; endå ei som har vore på Skjolden tidlegare.

I morgon forlét me Colorado Springs, og set kursen mot New York. Det er litt vemodig å reise att, sidan me har hatt det veldig kjekt her, men flyet ventar dessverre ikkje.

Fram til neste gong de høyrer frå oss, kan de sjå dei siste bileta frå California, og alle bileta frå Colorado her!

Dag 39 og 40

1
Filed under USA

Siste dag i San Francisco starta med ein tur over Golden Gate Bridge, som er ein av dei mest kjente attraksjonane i byen. Vidare reiste me inn i byen igjen der me hadde billettar med Alcatraz Cruises som tok oss til øya Alcatraz også kjent som ”The Rock”. Dette er det verdskjente nedlagte fengselet som eksisterte her fram til 1963.

Fengselet var i sin tid eit maksimum sikkerheitsfengsel som hald mange kjente kjeltringar som for eksempel: Al Capone, Robert Franklin Stroud (The Birdman of Alcatraz) og George “Machine Gun” Kelly, osb. Øya er i dag ein nasjonalpark.

På øya fekk me ein audioomvisning gjennom headset som vart var utdelt der tidlegare ansette og fangar var forteljarar. Me vart fortalt historiar og detaljar om fengselet som var interessant å høyre om. Kanskje det som mest interessant var å høyre om alle forsøka på å flykte.

Me hadde bestilt motellrom i ein by som heiter Monterey litt sør for Santa Cruz. Så me forsette på roadtrip’en vår og forlét San Francisco med berre gode minner og tankar. San Francisco og USA-Hostels kan absolutt anbefalast. På vegen sør over hadde me fått anbefalingar om å sjekke ut Big Basin Redwood State Park. Me plotta inn dette målet på GPS’en og la avgarde.

På vegen var me nett innom Highway 1 (meir om denne vegen seinare). Me enda opp på nokre småvegar gjennom denne parken og vart litt bekymra då vegen vart smalare og smalare og svingane vart skarpare og skarpare, men heldigvis fant me fram til hovudkvarteret til parken. Her stoppa me opp og fekk sjå store Redwood-tre som området her er kjent for. Me fant og vegen ut av parken og fant motellet me budde skulle bu på.

Dagen i dag reiste me på akvariet som ligg i Monterey før me forsette på Highway 1 som er ein kjent kystveg som går langs kysten av California. Denne vegen går langs bratte stup ned i sjøen på einesida og høge grøne åsar på den andre sida. Me tok oss god tid og stoppa opp mange plassar for å ta bilde og kom over blant anna ein elefantselkoloni og me var og innom Mazda Laguna Seca Raceway. No er me nok ein gong innlosjert på eit motell i byen San Luis Obispo.

Bilete finn de her!

Dag 36, 37 og 38

4
Filed under USA

Dag 36 forlét me westernbyen Jamestown, og sette kursen mot San Fransisco. Vel framme i San Fransisco starta me å leite etter den lokale avdelinga av USA Hostels, der me hadde tenkt å bu. Etter at GPS’en hadde sendt oss på avvege utan at me klarde å finne hostellet, enda me opp med å ta inn på eit motell for så å leite vidare dagen etterpå.

Etter at me hadde sjekka inn, fann me ut at me hadde hamna i ”The Hood”. Dette var eit av dei dårlegare nabolaga i San Fransisco, og her var det kanskje ikkje så lurt å gå rundt ute åleine etter at det vert mørkt. Me let oss ikkje skremme, og reiste til og med ut før å ete middag.

Dagen etterpå, starta me med friskt mot i jakta på hostellet. Når me først kom på rett veg tok det ikkje lang tid å finne det. Etter å ha slappa av litt i opphaldsrommet reiste me ut for å sjekke ut byen. Den første attraksjonen me besøkte, var eit teikneseriemuseum. Her var det masse spennande informasjon om kjende teikneseriar og animasjonsseriar, som Batman, Superman og ein del andre mindre kjende heltar. Ganske spanande å sjå korleis teikneseriar har utvikla seg dei siste hundre åra.

Vel ferdige på teikneseriemuseumet gjekk me vidare til hamna i San Fransisco. Her gjekk me forbi kjende attraksjonar som ”Pier 39” og ”Fisherman’s Wharf”, med alle sine restaurantar og butikkar, og sjøløvene som bur der. I tillegg åt me, som i Las Vegas, middag på Hard Rock Cafe.

Etter ein god middag gjekk reiste me for å sjå på ”Lombard Street”, som er eit av dei mest kjende landemerka i San Fransisco. Denne utruleg bratte og svingete gata går ned ein av dei mange bratte bakkane i San Fransisco, og det er litt av eit syn å sjå bilar køyre ned her. Her såg me også trikkane (”Cable Cars”), som går att og fram i dei bratte gatene her. Dette er eit anna av dei kjende landemerka i byen.

Dag 38 starta med ein guida tur rundt i byen her. Som i Hollywood, hadde me med oss ei lokal guide som tok oss med rundt i byen og fortalde om dei ulike tinga me såg. Me var innom ”Union Square”, Chinatown og ”Pier 39” som me besøkte i går. I dag tok me i tillegg oss tid til å ta ein tur med trikkane me såg i går. Å køyre opp og ned i dei bratte bakkane her var ein utruleg spanande oppleving. Seinare på ettermiddagen var eg og Kim Henrik på kino for å sjå ”Hot Tub Time Machine”. Me var vel begge samde at sjølv om filmen ikkje var ein oscarkandidat, så hadde den sine morosame augneblikk.

I morgon skal me besøkje dei to meste kjende landemerka i San Fransisco; Alcatraz og Golden Gate-brua, før me forlét San Fransisco, og set kursen nedover langs kysten. Dette er noko me alle har sett fram til, og det bør bli ein del bra bilete frå dette.

Fram til det, kan de som vanleg sjå bileta frå dei siste dagane ved å trykkje her!

Dag 34 og 35

4
Filed under USA

Dag 34 sette me kursen vidare mot Death Valley som ligg i California. Me budde som sagt i Arizona, nærare bestemt Page, og la ruta vidare slik at me kom innom staten Utah. Me kom fram til Death Valley nasjonalpark ein gong på ettermiddagen og reiste opp til eit utkikspunkt som heiter Dante’s View (ca. 1600 meter over havet). Utsikten her var fantastisk, men litt skodde sette ein stoppar for å sjå dei heilt store fjelltoppane. Heldigvis kunne me sjå mykje av saltsjøen langt nede i dalen.

Me køyrte ned frå fjella og ned i dalen som faktisk ligg under havnivået (ca.88m.). Her fekk me med oss solnedgangen mens me var ute og gjekk på saltsjøen, ei fin oppleving. Death Valley er kjent for å vere den plassen som har varmerekorden her i USA og heitt var det, ca. 27 grader med masse vind. Me køyrte vidare inn i dei seine nattetimar og fant eit motell i Bakersfield, California som me overnatta på.

I dag sov me lenge etter ein lang dag på vegen i går. Planen for dagen i dag var Yosemite nasjonalpark. Tredje nasjonalpark på tre dagar! Køyreturen var ikkje så lang i dag som i går og det var utruleg å sjå korleis naturen forandra seg frå store opne dalar og sletter til meir kuperte dalsider med grøne grasmarker, og ikkje minst mange mil med vintre.

Fjella og dalane vart meir og meir som heime med store fjellsider og bekkar og fossefall. Me køyrte rundt i parken og vegen tok oss opp i snødekt landskap og mens me var på veg oppover starta det å snø. Me var litt skeptiske til korleis dette skulle gå med stor bil og med sommardekk?! Heldigvis gjekk det fint, men me kom over ei ulukke der ein bil stod utanfor ei stor skrent med berre eit lite tre som stoppa bilen for å velte utover fjellsida. Skulle ikkje tru ein var i California er inntrykket som me sit igjen med.

Me har stoppa på nok eit lite motell i ein liten sjarmerande by ved namn Jamestown som har gamle hus og sikkert litt av ei historie. Me fekk i alle fall eit lite inntrykk nær me tok middag på eit lokalt steakhouse/bar som var frå 1800 talet.

Bilete frå desse to dagane finn de her! Kim Out…….

Dag 33

2
Filed under USA

I dag sto me opp tidleg for å ta turen nordover til nasjonalparken Grand Canyon. Her skulle me nyte den fantastiske utsikten her blant dei stupbratte fjellsidene. Før me køyrde inn i parken, såg me ein IMAX-film som gav oss ein smakebit på kva som var i vente.

Etter filmen kom me oss fram til parken og fekk anledning til å skode utover mektige Grand Canyon. Utsikten var som venta fantastisk, og landskapet var heilt noko anna enn me er vande me heime, sjølv om det framleis låg att litt snø her frå vinteren. Temperaturen var heller ikkje spesielt høg, berre nokre fåe plussgrader. Ein skulle ikkje trudd at ein fant slikt ver i ørkenstaten Arizona, men no var me tross alt over 2000 meter over havet.

Etter å ha teke inn alle inntrykka langs Grand Canyon, sette me oss i bilen att og køyrde vidare. Først austover, og deretter nordover, rundt Grand Canyon, og mot Utah. Me er no rett ved grensa mellom Arizona og Utah, og har teke inn på eit motell her for kvelden. Etter middag tok me også ein svipptur til ein lokal demning for å ta nokre bilete. Sjølv om den ikkje er like stor som Hoover-demningen, var den uansett eit imponerande syn.

I morgon køyrer me vidare nordover inn i Utah, før me svingar vestover att, mot Death Valley som er neste store attraksjon på turen. Fram til me har funne på noko nytt på skrive om, kan de sjå dagens bilete her!

Dag 29, 30, 31 og 32

2
Filed under USA

Lenge sidan oppdatering sidan internett var ganske dyrt i Las Vegas.

Den 29. reiste me frå Los Angeles med retning Las Vegas og forventningane og entusiasmen var høg. Etter nokre dagar på hostell i LA var me no klar for å bu på MGM Grand på ”The Strip”. Sjølve køyreturen var også eit høgdepunkt og me tok ein omveg og køyrte noko av strekninga på The Historic Route 66. Route 66 er ei kjent strekning som i sin tid gjekk frå Chicago til Los Angeles (heile strekninga eksisterar ikkje lengre, berre delar av ho er bevart). Las Vegas er lokalisert i ørkenen i Nevada, noko som er ein merkeleg lokalisering på ein by med over 600.000 innbyggjarar. I tillegg kjem mange millionar turistar hit kvart år til ”The Sin City”.

For å halde det kort er det utruleg mykje ein kan finne på i denne byen, og ein kan bruke mange dagar på å gå langs The Strip og sjå på dei mange megahotella og alle Casinoane. Me har blant anna besøkt New York New York, som er eit hotell og casino som er som namnet seier inspirert av byen New York. På Luxor hotell (ein stor pyramide) var me på ein utstilling kalla ”Bodies” der ein ser på folk som har via kroppen sin til forsking og ein får sjå i detalj alt kroppen inneheld og korleis me er oppbygd. På Mandalay Bay var det eit stort akvarium med heiar. På Bellagio var me for å sjå dei fantastiske vassfonteneshowa med musikk som er framfor hotellet.

Ein annan ting som må nemnast er The Fremont Street Experience som ein finn Downtown Las Vegas. Me var her ein kveld for å sjå på denne kjempeskjermen som er laga til i ei gate som går mellom hotella som ligg i Downtown. Fantastisk oppleving der dei har show og musikk kvar time om kvelden.

Me har også vore på CSI: The Experience der du sjølv skal løysa ein mordgåte ved å finne spor og diverse basert på TV-serien CSI: Las Vegas. Kan også nemne at hotellet der me budde hadde eit løvebur i casinoet.

Mange lurar nok på om me har gambla mykje mens me har vore her i byen, me har satsa litt, men ikkje dei store summane. Det er utruleg mange som spelar vekk store summar og minimumsinnsatsen på mange av spela er høge, vist ein ser bort frå alle slotsmaskinane som står overalt. Så me nytta heller mykje tida på å observere dei andre som spelte.

Me har vandra mykje langs The Strip både om dagen og om kveldane. Det blinkar lys over alt og store skjermar viser reklame og ein har ikkje mangel på plassar å ete/drikke. Alle hotella har eigne handlegater og restaurantar i alle sjangrar. Prisnivået er ganske høgt og dei fleste av plassane har norske prisar på mat og drikke. Stor forskjell frå prisane som eg og Jan er vant me frå tidlegare på turen.

I dag den 1. april reiste me frå Las Vegas og sette kursen mot Grand Canyon som er neste stopp på turen. Me la ruta slik at me har i dag køyrt over Hoover-demingen som er eit kjent demning som ligg på grensa mellom Nevada og Arizona.

Me fortsette turen og køyrte på lange strake strekningar gjennom ørkenen i Arizona. Me har også i dag teke ei rute utanom motorvegen for å køyre eit stykke på Route 66.

Temperaturen er ikkje så høg og har svinga mellom ca. 15 grader og 5. Me har faktisk køyrt forbi snø i vegkanten, noko ein ikkje skulle tru i Arizona. Må sei at også dagane me hadde i Las Vegas og ikkje har vore særleg varme med ca. 15 grader. Kan hende me er godt vante med varme, men me frys ved slike låge temperaturar. :)

Me har no innlosjert oss på eit motell i ein liten by utanfor Grand Canyon og er klare til å sjå Grand Canyon i morgon. I mellomtida kan de sjå på bileta frå Las Vegas og Hoover-demingen her!