Som nemnt i førre post flytta me til eit hostell om morgonen dag 27. Dette hostellet låg ypparleg plassert i Hollywood, med gangavstand til kjende attraksjonar som Kodak Theatre, der Oscar-utdeling går føre seg, og Hollywood Walk of Fame, med alle dei kjende stjernene langs gata.
Etter innsjekkinga tok me bilen til downtown LA. Kvelden i kveld skulle nyttast til å sjå ishockeykamp i Staples Center, der Los Angeles Kings spelar. Dei tok i mot Dallas Stars, og dette var noko me gleda oss stort til. Ingen av oss hadde våre på ishockeykamp før, og forventingane var store.
Sidan kampen ikkje starta før kl. hall 8 om kvelden nytta me føremiddagen til å hente bilettane våre, og kjøpe litt supportereffektar i den lokale butikken på arenaen. Etter handlinga stakk me tilbake til hostellet, parkerte bilen, og slappa av.
I god tid før kampstart tok me metroen tilbake til Staples Center. Me let bilen stå, sidan me rekna me det kom til å bli trafikkaos utanfor arenaen både før og etter kampen. Kampen i seg sjølv var ei fantastisk oppleving, og sjølv om heimelaget tapte 1-4, var det kjempeartig å sjå ishockey direkte for første gong.
Om morgonen dag 28 reiste me ut på ekspedisjon. Me tok bussen til Santa Monica, der me besøkte Santa Monica Pier og gjekk langs kjende Santa Monica Beach. Når me hadde gått til endes på den, kom me til endå meir kjende Venice Beach. Etter denne promenaden rakk me så vitt tilbake til hostellet før me skulle ut på ein ny tur. Denne gongen tok den chilenske guiden Luis oss, og ein del andre frå hostellet oss med på ein gåtur opp i parken Runyon Canyon Park i bakkane over Hollywood. Utsikten herifrå var milt sagt fantastisk!
Tilbake på hostellet var det jammen godt å slappe av etter ein lang dag på tur. Stegteljaren på mobilen til Kim Henrik viser at me har gått litt i underkant av 30 000 steg til no i dag, så mykje gåing har det vorte. I morgon køyrer me vidare austover i landet, og bør etter ein 5-6 timar kome fram til Las Vegas! Her skal me tilbringe dei komande dagane på hotellet ”MGM Grand Hotel and Casino”. Det bør bli bra!
Fram til neste oppdatering kan de (omsider) sjå mange bilete frå dei siste dagane her!
