Dag 34 og 35

Filed under USA

Dag 34 sette me kursen vidare mot Death Valley som ligg i California. Me budde som sagt i Arizona, nærare bestemt Page, og la ruta vidare slik at me kom innom staten Utah. Me kom fram til Death Valley nasjonalpark ein gong på ettermiddagen og reiste opp til eit utkikspunkt som heiter Dante’s View (ca. 1600 meter over havet). Utsikten her var fantastisk, men litt skodde sette ein stoppar for å sjå dei heilt store fjelltoppane. Heldigvis kunne me sjå mykje av saltsjøen langt nede i dalen.

Me køyrte ned frå fjella og ned i dalen som faktisk ligg under havnivået (ca.88m.). Her fekk me med oss solnedgangen mens me var ute og gjekk på saltsjøen, ei fin oppleving. Death Valley er kjent for å vere den plassen som har varmerekorden her i USA og heitt var det, ca. 27 grader med masse vind. Me køyrte vidare inn i dei seine nattetimar og fant eit motell i Bakersfield, California som me overnatta på.

I dag sov me lenge etter ein lang dag på vegen i går. Planen for dagen i dag var Yosemite nasjonalpark. Tredje nasjonalpark på tre dagar! Køyreturen var ikkje så lang i dag som i går og det var utruleg å sjå korleis naturen forandra seg frå store opne dalar og sletter til meir kuperte dalsider med grøne grasmarker, og ikkje minst mange mil med vintre.

Fjella og dalane vart meir og meir som heime med store fjellsider og bekkar og fossefall. Me køyrte rundt i parken og vegen tok oss opp i snødekt landskap og mens me var på veg oppover starta det å snø. Me var litt skeptiske til korleis dette skulle gå med stor bil og med sommardekk?! Heldigvis gjekk det fint, men me kom over ei ulukke der ein bil stod utanfor ei stor skrent med berre eit lite tre som stoppa bilen for å velte utover fjellsida. Skulle ikkje tru ein var i California er inntrykket som me sit igjen med.

Me har stoppa på nok eit lite motell i ein liten sjarmerande by ved namn Jamestown som har gamle hus og sikkert litt av ei historie. Me fekk i alle fall eit lite inntrykk nær me tok middag på eit lokalt steakhouse/bar som var frå 1800 talet.

Bilete frå desse to dagane finn de her! Kim Out…….

4 Comments

  1. Sissel Laila says:

    Hei på dikka! Kjekt å fylja med på bloggen. Masse fine bilde og gode kommentara :) Me er er alt byrja å gleda oss til me ska til USA. Alt bra heime, me er i Førde no. Ha ein forsatt god tur:) Helsing Sissel Laila og Stein Kjell.

  2. Kim Henrik says:

    Takk for det, fint at alt er bra heime. Me ha da i allefall fint og no er bilda frå desse to dagane komne og.

  3. Bente says:

    Hei med dere! Nå har onkel Palle også fått adressen til bloggen. Jeg har hatt skypekontakt med han i dag. Han har kjøpt seg en en HP Touchsmart 25,5 tommer med fjernkontroll…han er helt frelst…så kjekt å se dere på bildene og alt dere opplever…helt utroligfantastisk..pass godt på dere selv…god tur videre. Hilsen fra Bente og Hallgeir

  4. Kim Henrik says:

    Hei hei! Så flott….. fint at dere følger med. Mange av bildene er fine ja, men dei greier liksom ikke å beskrive og gjenskape alt det me ser og opplever. Har og mange bilder som ikke blir lastet opp som dere kan se når eg kjem heim. Me passer godt på.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*