Det byrjar å bli nokre dagar sidan førre oppdatering no, men det betyr ikkje at me har rota oss vekk. Me har berra drive med masse morosamt, og då går tida fort, det vert med andre ord lite tid til bloggskriving. Her kjem i alle fall ein oppsummering av dei siste dagane, med tilhøyrande bilete.
Dag 41 reiste me for å besøke Hearst Castle. Dette er eit slott oppe på ein bakketopp i San Simeon. Slottet vart bygd tidleg på 1900-talet av avismogulen William Randolph Hearst. Han var kjend for å samle på antikvitetar, og det var mykje interessant å sjå på dette slottet.
Seinare på dagen sette me kursen vidare sørover mot Los Angeles, og kom til byen Solvang. Dette namnet høyrest kanskje ikkje spesielt amerikansk ut, og det er fordi det ikkje er det. Solvang er ein dansk by, og det var fascinerande å sjå korleis alle husa såg ut som tradisjonelle danske hus, og kor mykje danske ting som vart selt her. Me åt som seg hør og bør på ein dansk restaurant, og alle kjøpte tradisjonell dansk mat. Vel, nesten alle… Eg åt sjølvsagt cheeseburgar… Sjølv om ”Hakkebøfen” kanskje ikkje smakte som forventa for alle, var det uansett ei interessant oppleving.
Denne kvelden sov me i Oxnard rett utanfor Los Angeles, i eit av dei betre hotella så langt på turen.
Dag 42 var siste dagen på tur med Daniel, Erlend, Eirik og Chevrolet Suburban’en. Me starta dagen med å køyre inn til Los Angeles for å ta ein kik på Rodeo Drive, Santa Monica Pier og Venice Beach. Ikkje mykje hadde endra seg sidan sist gong me var her, bortsett frå været, som var betrakteleg dårlegare no, nesten kaldt faktisk.
Ut på ettermiddagen tok me ein tur til Best Buy og handla litt, før me sette kursen mot flyplassen. Denne gongen, som sist; LAX. Her hoppa me av bilen og bad adjø med resten av gjengen. Dei tok bilen tilbake til leigebilselskapet, sidan dei hadde eit seinare fly. Oppsummert har roadtrip’en vore ei fantastisk oppleving, og det å sei adjø til bilen, California, og ikkje minst resten av gjengen har var spesielt.
Rundt klokka halv 9 om kvelden flaug me til Colorado Springs i Colorado. Her skulle me bu hos Darrell og Annette Dooyema, og sønene deira Dylan og Jared. Dette er nok namn som mange skjoldingar dreg kjensel på.
Dag 43 starta med ein gåtur i ein park kalla ”Garden of the Gods”. Her var det mange stiar rundt blant dei mange spesielle steinformasjonane. Deretter besøkte me endå eit slott. Dette er faktisk eigd av organisasjonen ”The Navigators”, som Darrell jobbar for. Me gjekk også ein tur i ein liten dal bak slottet, der me såg nærare på korleis slottet får ferskvatnet sitt. Colorado er ein av dei tørraste statane i USA, så det vatnet ein har er viktig å ta god hand om.
Seinare på dagen tok me turen for å sjå på eit lokalt college. Dette var ikkje eit vanleg college, det var ”United States Air Force Academy”, altså eit college som fokuserte på å utdanne folk som seinare kunne gå inn i flyvåpenet. Ganske interessant å sjå korleis det var å gå på skule her.
Om kvelden kom Lars på middagsbesøk. Alltid morosamt å treffe gamle kjende att. Han var definitivt ikkje den siste gamle kjenningen me kom til å treffe her.
Seinare på kvelden tok me turen til Colorado College saman med Darrell. Her var det eit arrangement kalla ”Study Break”. Studentane var samla for å drikke kaffi og ete kaker, før dei skulle ha ein eksamen eit par dagar seinare. Underhaldninga bestod av folk som song og spelte eigenkomponerte songar.
Dag 44 stod me opp tidleg. Planen var å ta eit tog opp til den kjende toppen Pikes Peak (4302 meter over havet), men ruske vær på toppen sette ein stoppar for dette. I staden tok me turen til nokre grotter kalla ”Cave of the Winds”. Her gjekk me rundt i eit stort nettverk av grotter og tunnelar langt inne i fjellet.
Me fekk også tid til å besøke eit av dei tre hovudkvartera til den amerikanske OL-laget, før me reiste nordover mot Denver. I Denver skulle me faktisk på baseballkamp! Me såg heimelaget Colorado Rockies slå New York Mets. Verken meg eller Kim Henrik hadde spesielt mykje peiling på baseball, men resten av reisefølgjet forklarde oss dei viktigaste tinga.
På denne kampen møtte me endå ein gamal kjenning frå Skjolden, Cody. Han hadde med seg kompisen Garreth, som faktisk kjem til Skjolden i sommar. Dei andre som var med på kampen var Lars, Darrell, Dylan, Darrell sitt søskenbarn Daniel og kameraten hans Keaton, og sjølvsagt meg og Kim Henrik. Kampen var ei fantastisk oppleving, og me fekk til og med sett eit homerun!
Dag 45 skulle me av alle ting stå på ski! Eg hadde definitivt ikkje trudd eg kom til å stå på ski i løpet av turen. Når me reiste frå Haukåsen den 1. mars, hadde eg faktisk både stillongs og vinterjakke på meg. Det verka tåpeleg då, men jammen fekk eg bruk for det att!
Om morgonen reiste eg, Kim Henrik, Darrell og Dylan til skistaden Copper Mountain (ca. 3000 meter over havet) for å stå på slalåmski. Darrell hadde to gratiskupongar liggande, noko som var bra, sidan eit dagspass kosta nesten 100 $. Etter å leigd ski og tilhøyrande rekvisita, sette me utfor bakkane. Det hadde vore ei stund sidan eg og Kim Henrik hadde stått på ski, så me tok det med ro i starten. Etter kvart kom me tilbake i rytmen, og sjølv om eg framleis ser ut til å ploge nedover bakkane, så gjekk det ganske bra. På slutten av dagen prøvde me til og med halfpipen. Dylan var faktisk veldig flink å stå på ski, sjølv om han er berre snautt 5 år.
Litt utpå dagen trefte med også C. J. i bakken. Han er ein av mange som kjem tilbake til Skjolden i sommar etter å ha vore der tidlegare. Etter at me var ferdige i bakken reiste me alle for å ete på Wendy’s. Der møtte me også Lindsey; endå ei som har vore på Skjolden tidlegare.
I morgon forlét me Colorado Springs, og set kursen mot New York. Det er litt vemodig å reise att, sidan me har hatt det veldig kjekt her, men flyet ventar dessverre ikkje.
Fram til neste gong de høyrer frå oss, kan de sjå dei siste bileta frå California, og alle bileta frå Colorado her!

One Comment
Oh! Eg òg vil te Colorado Springs ein dag og besøka “våre” kjære amerikanera!
Blir litt satt ut når eg tenke pao ke mykje de ha opplevd pao turen!