Avreise frå Colorado Springs etter ei fantastisk opphald hos familien Dooyema, som tok godt imot oss og har gjort mykje for at me fekk eit fint opphald hos dei. Me flaug frå Colorado til Minneapolis der me hadde ein mellomlanding før me reiste vidare til LaGuardia flyplass i New York. Etter litt jobbing fekk me ordna transport frå flyplassen til hotellet me hadde bestilt like ved flyplassen. Det enda med at hotellet betalte taxi til oss sidan deira shuttle-buss ikkje gjekk, så no har me køyrt med dei legendariske yellow-cabs som New York er kjent for.
Fredag (dag 47) reiste me vidare til det hotellet me skal bu på under opphaldet i NYC. Det ligg i Long Island City/Queens , berre 2 subway-stopp frå Manhattan så me bur ganske sentralt tross alt. Derfor har me kjøpt oss eit 7 dagars metrokort så me kan reise så mykje me vil fram og tilbake, noko som er fint sidan metroen er det beste framkomstmiddelet her i byen.
Me har i dag blant anna vore å sett Times Square, vandra rundt på Broadway, besøkt Macy’s som sikkert mange veit er verdas største butikk og Madison Square Garden. Det er mykje forskjellig å sjå i denne byen så trur ikkje me får problem med å finne på ting dei neste dagane… Samtidig så føl me med på kva som skjer i Europa med flykanselleringar osv, men får håpa vulkanen på Island roar seg ned til neste veke når me skal fly heim igjen.
Bilete frå desse dagane finn de her!

4 Comments
Hei…husk at dere alltid kan besøke et av de mange biblioteker i New York…115th Street Library
203 West 115th Street
f.eks. de fleste har åpent 10-17..her får dere sikkert bruke gratis internett…Herhjemme følger vi også godt med i flytrafikken…håper at dere kommer dere til Europa igjen..Mye rart som kan skje..Ellers alt bra her unntatt meget dårlig vær i dag..regn, sludd og masse vind..HIlsen Hallgeir og Bente
Reknar med dykk fyller dagane bra i NY. I værste fall om de ikkje får fly heim, så får de sjå etter båtbillettar, http://www.qm2.org.uk/itinerary.html går båt fra New York 29. april, er i Oslo 10. mai
Hei, ja me har mykje å sjå. Skal innom bibloteket vist me får tid Bente, tenkte meg nok at du kom me den ideen
Flyet vårt skal reisa torsdag klokka 18 så alt kan skje, men utsiktene ser ikkje lovande ut. Hadde vore fint med ein båttur heim, men tvila på at da bli eit reelt alternativ. Fint forslag Daniel……
Det er meget interessant at følge jeres færd jorden rundt.
Fortsat god tur ønskes fra Danmark.