Dag 48, 49 og 50

Filed under USA

Dag 48 tok me først på dagen turen til ”Ground Zero”, altså staden der ”World Trade Center” sto. Her er det no ein stor byggjeplass, men dei har også sett opp minnesmerke her, blant anna nokre stålbitar som vart funne samansett som ein kross i restane av tårna.

Etter besøket ved ”Ground Zero” tok me turen ned til hamna i Manhattan, der me tok eit cruise ut til øyane ”Liberty Island”, for å sjå på fridomsgudinna og ”Ellis Island”, for å sjå på staden der mange av immigrantane til USA kom først.

Me var også innom ”Wall Street”, såg New York Stock Exchange og oksen som skal illustrere oppgangen på den amerikanske børsen; ”Charging Bull”. For å avslutte kvelden var me på kino for å sjå ”Kick-Ass”. Nok ein film so neppe får nokon Oscar, men den var heilt grei underhaldning.

Dagen etter besøkte me kanskje verdas mest kjende skyskrapar, nemleg ”Empire State Building”. Utsikten frå toppen var fantastisk, sjølv om det var ganske kald vind der oppe. Me vandra og denne dagen langs fifth avenue. Resten av dagen på hotellet for å slappe av. Me har tross alt ha masse på gang dei siste dagane.

Heile dag 50 gjekk med på ”American Museum of Natural History”. Dette museet omhandlar alt frå amerikanske indianarar, meteorittar i solsystemet til dinosaurar. Veldig mykje interessant her. På vegen til museet fekk me også sjansen til å gå gjennom velkjende ”Central Park”. Denne parken mitt på Manhattan er gigantisk, og sjølv om me berre gjekk gjennom ein brøkdel av han, tok det lang tid.

Fram til neste oppdatering, (noko som forhåpentlegvis vert siste oppdatering før me reiser heim, sjølv om ein ikkje veit noko med denne åskeskya heime), kan de sjå bileta frå dei siste dagane her!

2 Comments

  1. Bente says:

    Hei KIm! Jeg er så urolig for om dere kommer dere hjem for askeskyen, men håper det beste for jer. Har I noen plan for hva dere gjør, hvis flyet ikke går? har dere hatt kontakt med flyselskapet?. Klem fra mamma som venter i spenning

  2. Kim Henrik says:

    Hei me satsa på at det ikkje oppstår fleire utbrudd frå vulkanen og at askeskya minka til me ska heim. Flyet går som sagt ikkje før 18 torsdag kveld så er endå ei stund til. Me følgje med på kva info som blir lagt ut på nettet. Me kan nesten ikkje gjera så mykje anna endå, ingen som veit kva som kjem til å skje. Men har tenkt litt på kva me skal gjera vist da ikkje går.
    Helsing Kim Henrik

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*