Dag 51 og 52

Filed under USA

Enden på turen nærmar seg med stormskritt. Forhåpentlegvis kjem me oss heim som planlagt.

Dei to siste dagane i New York har me nytta til hovudsakleg meir sightseeing. Me har gått over Brooklyn Bridge, vore innom Chinatown, Little Italy, Soho, Harlem og gått Central Park på langs. Me har i tillegg vore å sett Grand Central Terminal og United Nations-bygningen. Nok ein gong har me også vore på kino her i New York. Denne gongen  såg me Clash of The Titans i 3D.

Veret her i New York kan me heller ikkje klage på. Starten på veka var det kaldt med ca 10 varmegrader, mens dei siste dagane har temperaturen låge på ca. 20 grader og sol. Det ska bli kaldt å komma heim igjen, sjølv om at eg høyrer det er vår heima og, (våren er i alle fall på veg).

Så oppsummert kan eg seie at New York er ein stor by med mange forskjellige menneske. Ta for eksempel nabolaget me bur i. Eg trur me er dei einaste kvite, det verkar i alle fall slik. Men folk er hyggelege stort sett og det er ikkje vanskeleg å komme i kontakt med folk her.

Så i morgon reiser me heimover, og som Jan sa: ”Prøv å ikkje trø så hardt når ein går, så Katla-vulkanen går av…”

Bilete finn de her!

3 Comments

  1. Tore says:

    k skjer jan, Clash of The Titans e jo ikkje ein film du ville ha sett??!

  2. Jan says:

    Hadde rekna me at da vart kontroversielt at eg saog danna filmen ja. :) Eg ser ikkje pao filma so Clash of the Titans so ain sci-fi-film (slekt ser eg ikkje :P ), men mair so ain eventyrfilm, i samme gata so Lord of the Rings (noken ao mine favorittfilma faktisk). Når da e sagt, so vakje Clash of the Titans spesielt bra dao… Minte egentle mest om ain bille Lord of the Rings-rip-off. Ain del bra spesialeffekte i 3D dao! ;)

  3. Daniel says:

    Godt beregna heimkomst på dykk også ja, dagen etter dei fleste flyplassar åpna for fullt igjen. Me andre landa jo dagen før flyplassane begynte å stenga :)

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*