Dag 53, 54 og 55

Filed under USA

Etter snart 2 månader på tur, skulde heimreista starta om morgonen, dag 53. Me tok først Subway, og deretter buss fram til flyplassen me skulle reise frå; JFK. Det hadde ikkje vorte sagt noko særleg om åska i Europa på nyheitene, så me var optimistiske om at me skulle komme heim dagen etter, som planlagt. Men, som tittelen i denne posten kanskje avslører, gjekk ting ikkje heilt som planlagt.

Flyturen starta med ei forseinking på nesten ein og ein halv time. Ein skulle kanskje tru at det var åska som var problemet, men det stemde heldigvis ikkje. Ei av rullebanene på JFK var under ombygging, så me måtte vente lenge på vår tur til å ta av.

Personleg, så har eg aldri i mitt liv våre så frustrert som når me venta på å ta av. Eg viste at me berre hadde ein time å gå på når me kom fram til London, og skulle ta flyet til Oslo, så ting måtte skje fort i New York. Spesielt irriterande var det å ha ei klokke på skjermen framfor oss på flyet, som sa forventa ankomsttid i London. Eit tidspunkt som etter kvart nærma seg, og til slutt gjekk forbi tidspunktet flyet frå London til Oslo skulle ta av på. Me hadde offisielt mista vårt første fly på tur turen!

Omsider tok me endeleg av, og me reiste gjennom natta til London. Når me landa der, var det rimeleg nøyaktig ein time sidan flyet vårt til Oslo hadde gått. Eg frykta at det kanskje kom til å bli vanskeleg å få eit nytt fly til Oslo, på grunn av alle dei stranda passasjerane som ville heim, men det viste seg å gå fint. Det vart nokre timar med venting, så me fekk utdelt ein matkupong på 10 £ frå British Airways.

Omsider fekk me også teke flyet til Oslo, og me byrja å sjå lyset i enden av tunellen. Det lyset viste seg etter kvart å vere eit hurtigtog i stadenfor utgangen av tunellen. Når me kom fram til Oslo, hadde jo sjølvsagt Widerø-flyet me skulle ta til Haukåsen både reist og komme fram for lenge sidan. Me vart difor booka om på eit seinare Widerø-fly. Med andre ord fleire timar med venting.

Rett ut av det blå vart plutseleg dette flyet kansellert! Den offisielle årsaka var ”Operasjonelle årsaker”, men me har sikre kjelder (!) som seier at den reelle årsaka til kanselleringa var at det rett og slett ikkje var nok passasjerar til at det vart lønsamt å fly.

Me vart uansett rebooka igjen, til eit fly som gjekk klokka 22.05 om kvelden. Dette var mange timar fram i tid, så me fekk vår andre matkupong for dagen. Unødvendig å seie at den ikkje strakk like langt med norske prisar som den gjorde med engelske prisar.

Etter at klokka hadde snigla seg fram mot 22.00 var me endeleg klar til å borde flyet… Trudde me. 5 min. før bordinga skulle starte, vart også dette flyet kansellert! Denne gongen skuldast kanselleringa dårleg vær både på Haukåsen og i Førde. Det var både skodde og snødrev… Ikkje mykje å gjere med det.

Denne kanselleringa førte til å me vart sendt på hotell for kvelden. Nærare bestemt Thon Hotels Oslo Airport. Me hamna på Business-delen av hotellet, og dette var faktisk det beste hotellet me har budd på heile turen!

Morgonen etter, dag 55, altså dagen etter at turen eigentleg skulle våre over sette me oss endeleg på Widerø-flyet som skulle ta oss til Haukåsen. Nesten framme på Haukåsen låg skodda som vanleg  tjukk som graut rundt flyplassen. Piloten åtvarde oss om at me kanskje ikkje kunne lande, og eg byrja å lure på om denne heimturen nokon gong kom til å vere over… Heldigvis var det akkurat nok sikt til å kunne lande, og me kunne omsider setja føtene litt meir lokale trakter att, vel eit døgn seinare enn planlagt. Herleg å vere heimattkomen! :) Bileta frå heimreisa kan de forresten sjå her!

Denne posten markerar slutten på blogginga vår, og i den samanheng vil både eg og Kim Henrik takke alle lesarane våre. I følgje statistikken til sida, har me hatt utruleg mange lesarar, mange fleire enn forventa, og me håpar at det har vore moro å følt oss rundt om kring i verda. Me har i alle fall hatt det kjempekjekt. Takk for oss! :)

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *

*
*