Dag 27 og 28

4
Filed under USA

Som nemnt i førre post flytta me til eit hostell om morgonen dag 27. Dette hostellet låg ypparleg plassert i Hollywood, med gangavstand til kjende attraksjonar som Kodak Theatre, der Oscar-utdeling går føre seg, og Hollywood Walk of Fame, med alle dei kjende stjernene langs gata.

Etter innsjekkinga tok me bilen til downtown LA. Kvelden i kveld skulle nyttast til å sjå ishockeykamp i Staples Center, der Los Angeles Kings spelar. Dei tok i mot Dallas Stars, og dette var noko me gleda oss stort til. Ingen av oss hadde våre på ishockeykamp før, og forventingane var store.

Sidan kampen ikkje starta før kl. hall 8 om kvelden nytta me føremiddagen til å hente bilettane våre, og kjøpe litt supportereffektar i den lokale butikken på arenaen. Etter handlinga stakk me tilbake til hostellet, parkerte bilen, og slappa av.

I god tid før kampstart tok me metroen tilbake til Staples Center. Me let bilen stå, sidan me rekna me det kom til å bli trafikkaos utanfor arenaen både før og etter kampen. Kampen i seg  sjølv var ei fantastisk oppleving, og sjølv om heimelaget tapte 1-4, var det kjempeartig å sjå ishockey direkte for første gong.

Om morgonen dag 28 reiste me ut på ekspedisjon. Me tok bussen til Santa Monica, der me besøkte Santa Monica Pier og gjekk langs kjende Santa Monica Beach. Når me hadde gått til endes på den, kom me til endå meir kjende Venice Beach. Etter denne promenaden rakk me så vitt tilbake til hostellet før me skulle ut på ein ny tur. Denne gongen tok den chilenske guiden Luis oss, og ein del andre frå hostellet oss med på ein gåtur opp i parken Runyon Canyon Park i bakkane over Hollywood. Utsikten herifrå var milt sagt fantastisk!

Tilbake på hostellet var det jammen godt å slappe av etter ein lang dag på tur. Stegteljaren på mobilen til Kim Henrik viser at me har gått litt i underkant av 30 000 steg til no i dag, så mykje gåing har det vorte. I morgon køyrer me vidare austover i landet, og bør etter ein 5-6 timar kome fram til Las Vegas! Her skal me tilbringe dei komande dagane på hotellet ”MGM Grand Hotel and Casino”. Det bør bli bra! :)

Fram til neste oppdatering kan de (omsider) sjå mange bilete frå dei siste dagane her!

Dag 24, 25 og 26

2
Filed under USA

Ja då var det tid til ein ny oppdatering frå oss som no er i USA. Den 24. mars vart ein lang dag som nemnt i førre post. Flyet vårast skulle ta av frå Auckland flyplass klokka 23.00, men pga. feil på flyet måtte dei hente eit anna i hangaren sin og laste om alt som var i det andre flyet. Dette tok sjølvsagt lang tid så me vart ca. 2 timar forsinka, men sjølve reisa gjekk fint og me landa i god tid på LAX før Daniel, Erlend og Eirik som er våre nye reisekameratar dei neste 2 vekene.

Me reiste direkte til leigefirmaet me hadde bestilt leigebil gjennom og var ganske spente på kva slags bil me skulle få. Me hadde bestilt ein  bil med 7 seter og då me fekk sjå bilen va det ein litt mindre SUV så me vart anbefalt å oppgradere til ein fullsize SUV, så dette gjorde me sidan me skal køyre mykje rundt i dei kommande vekene . Så bilen me kjøyrer rundt i er ein kjempe Chevrolet Suburban 2010-modell og me er ganske fornøgd me bilen så langt. Etter å ha henta bilen reiste me til hotellet som me hadde bestilt like ved Los Angeles flyplass og tok ein tidleg kveld etter ein god middag på Denny’s diner, sidan alle var trøytte etter reisinga.

Noko det første me gjorde dag 25 var å bestille overnatting dei neste 2 dagane. Valet fall på eit hotell/motell litt utanfor byen i Mission Hills, San Fernando Valley. Hovudsaken til dette er at dei 2 første dagane planla me til ting utanfor byen og då passa det å bu her. Dagen vidare vart brukt på å shopping i Factory Outlet-butikkar, sidan reisefølgjet vårt hadde teke med seg minimalt med klede og hadde planlagt å handle mykje av det dei trengde her. Også denne kvelden var me ute på ein lokal restaurant for ete middag.

Dag 26 var dagen då me skulle til Six Flags-førnøyelsespark  på Magic Hill Mountain litt utanfor Los Angeles. Me kom til parken då den opna og reiste når den stengde og tida gjekk fort når ein har det moro. Parken er enorm med utruleg mange berg- og dalbaner og ting å prøve i alle moglege former og størrelsar. Me alle hadde ein fin dag me mange adrenalinpumpande opplevingar og alle prøvde så å sei alt som var verdt å prøve.

På slutten av dagen var dei fleste av oss ganske svimle etter alle g-kreftene som me har vorte utstette for. Følelsen dei fleste av oss har i skrivande stund er som om me fortsatt er i ein loop ein eller anna plass. :)

Planen vidare er at me har booka inn på eit hostell sentralt i byen for å bruke helga til å utforske byen og dei kjente strendene her i LA.

Me har ikkje teke så mange bilete i USA endå, men dette kjem til å betre dei neste dagane. ;) I mellomtida, kan de sjå dei bilete me har teke til no her!

Dag 23

0
Filed under New Zealand

Etter alle dei spanande opplevingane Kim Henrik skreiv om i førre oppdatering, måtte me nesten ha landa på månen i dag for å toppe dette. Sidan dette var nest siste dagen på New Zealand, hadde me ikkje tid til nokon månelanding, men me reiste likevel på ein aldri så liten ekspedisjon.

(Ei god stund) ut på føremiddagen reiste me ned til hamna her i Auckland. Dagen i dag skulle viast til kval- og delfinsafari! I hall totida forlot me hamna i ein katamaran saman me om lag 20 andre ivrige landkrabber. Kapteinen vår var rasande festleg, og serverte mange festlegheitar over høgtalaranlegget, etter kvart som me kom lenger til havs. Han må hatt ei fortid som stand up-komikar!

Ikkje fult så festleg var været etter kvart som me kom lenger frå land. Bølgjene vart større og større, og underteiknande tenkte etter kvart meir på å halde seg nokolunde vertikalt enn på kvalar og delfinar.  Eg var heldigvis ikkje den einaste som sakna landjorda, men Kim Henrik helt seg uforskamma sprek turen gjennom.

Ut på ettermiddagen såg me endeleg delfinar, og då vart også forma til dei fleste på båten betre. På vegen tilbake til Auckland fekk me også servert gratis te og kaffi som plaster på såret for det dårlege været. I tillegg fekk me ein kupong som ga oss rett til gratis tur med båten ved ein seinare anledning. Denne kupongen var i følgje kapteinen gyldig så lengje du pustar, så viss me eventuelt kjem tilbake til New Zealand ein gong, har me moglegheit til å setje sjøbein på nytt. Forhåpentlegvis i rolegare vær!

Vel tilbake på landjorda var me ein snartur innom den lokale casinoen i Skytower (tårnet me var oppe i i går). Etter å ha kvitta oss med litt vekslepeng, åt me middag, før me nytta resten av kvelden på hotellet til avslapping og pakking. I morgon reiser me til Los Angeles, og i dei forbindelse reiser me 21 timar ”tilbake i tid”. Det bør bli ein lang dag!

Til neste gong me er tilbake, kan de nyte bileta frå dagens kval- og delfinsafari her. Og som ein bonus finn de ein liten film med delfinar her.

Dag 19, 20, 21 og 22

7
Filed under Australia, New Zealand

Lenge sidan sist og mykje har skjedd. Me er no komne til Auckland, New Zealand, men me får vel starta frå byrjinga. Den 19. starta som dei andre dagane i Gold Coast med litt skyer og lett regn. Eg stod opp tidleg fordi eg skulle på surfekurs denne dagen. Vart litt bekymra når eg såg ned på stranda sidan bølgjene var ekstra store denne morgonen. Dette skuldast syklonen Uluhi som har rasert Fiji og no ligg utanfor Australia og kastar store bøljer inn mot kysten. Surfinga gjekk som planlagt og opplevinga var kjempe.

Surfinga starta med litt info om brett, straumar, sikkerheit  og teknikkar før det var ut å teste litt forsiktig. Etter ei stund på dei mindre bølgjene på grunna var det tid til å bevege seg ut på djupna og prøve å stå opp for første gong. Eg vart litt stolt når eg greidde å stå inn den første bølja eg prøvde å stå på og instruktøren virka imponert. :)

Eg må innrømma at det ikkje gjekk like fint alle gangane og eg hadde eit par komiske fall, men det er vel å forvente av ein amatørsurfar. Etter eit par timar var eg ganske sliten etter å ha kjempa med massive bøljer og sterke straumar så det var fint å kunne slappe av poolen på hotellet og nyte den siste sola i Surfers Paradise. Jan var ikkje med på seansen så har ikkje bilder frå dette dessverre. :(

Neste dag var avreise dag og me tok toget nord til Brisbane. Her var me ein dag før me tok flyet til Auckland. Dette flyet tok berre 3 timar, men me forflytta oss også 2 tidssoner så også mykje av denne dagen gjekk med til reising (me er no altså 12 timar framfor Noreg til opplysning). På flyplassen vart eg atter ein gong sjekka av narkohund og måtte vise tinga mine. Det viste seg at det var eit eple i bagasjen min den ville ha. Eg har ein lei tendens til å alltid bli stoppa i kontrollar på flyplassar. Kan nemna at eg ha måtte visa tingi mine nokon gangar og vorte sjekka for radioaktive stoff i tillegg til hundesjekkane. Eg ser sikkert skummel ut og må sjekkast og utspørjast. :)

Men over til dagen i dag den 22. mars. Eg har eit ønske om å komme til New Zealand og prøve Skydiving og det har eg gjort i dag. :D  Til opplysning så er New Zealand kjent for å ha mange adrenalinsøkjande folk . Ikkje det at eg er noko spesielt ein slik type, men dette måtte prøvast ut. Så eg vart henta her me bur og me køyrte ca. 40 min. nord for Auckland der dette selskapet held til som driv med Skydiving. Hadde i grunn ikkje så mykje nervar før me va kome opp i flyet og var på veg oppover til 12000 fots høgde. Etter ca. 20 min. flytur oppover var det tid til å gjere seg klar og feste meg til instruktøren som til opplysning var ganske grei.

Eg kasta meg i det og det var utruleg moro å suse  nedover mot jorda gjennom skyer og med ein utsikt som ikkje kan slåast. Når fallskjermen utløyste seg var det eit kjempe rykk og plutseleg var det som om me stod stille i lufta. Eg fekk faktisk lov å styre fallskjermen på veg nedover. Så alt i alt var dette ein nervepirande og utruleg moro oppleving som bør prøvast (Har ikkje så mange bilde av dette, men har ein dvd-film frå stuntet som de finn lenkje til nederst i posten.

Seinare denne dagen var me på Skytower her i Auckland som er eit høgt tårn på lik linje med det me var på i Sydney, men dette skal vist vere høgare. Fin utsikt over byen og fint for å få seg ein oversikt over kor ting er. Seinare i dag skal me på kino å sjå filmen Green Zone.

Bilete frå dei siste dagane, kan de sjå her, i tillegg ligg det ein video frå skydivinga her!

Dag 15, 16, 17 og 18

2
Filed under Australia

Måndag, dag 15, forlot me Sydney, og tok flyet oppover på austkysten av Australia til Surfers Paradise som ligg ved The Gold Coast. Dette er ein by som er kjent for sine flotte strender og glimrande surfeforhold med masse store bølgjer.

Her hadde me leigd leilegheit, og samanlikna med hotella og hostella me har budd på før, var dette reine luksusen. Leilegheita har to bad, to soverom, vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, stove, og fult utstyrt kjøkken. I tillegg har me tilgang til både innandørs og utandørs badebasseng, treningsrom, tennisbane, med meir.

Generelt, så har me drive med svært lite så langt her i Surfers Paradise. :P Noko som står i stil til livsstilen her. Etter å hatt fult program dei første to vekene på tur, har det våre fint å ha tid til å slappe av. I tillegg til å vere ved bassenget, har me spelt tennis (eg vart rundspelt! :| ), og gått rundt og handla i dei mange butikkane her.

Som i Sydney, har været her våre litt varierande. Om føremiddagen har det som oftast våre sol, og fint vær, medan det ut på ettermiddagen ofte har begynt å regne og blåse. Sjølv om temperaturen ligg på litt over 20 grader, er det jo faktisk haust her.

Sjølv om me ikkje har gjort så mykje i det siste, har me teke ein del bilete, blant anna av den flotte leilegheita vår. Desse bileta kan de sjå her!

Dag 13 og 14

5
Filed under Australia

Dag 13 vart stort sett brukt sightseeing som førre dag slutta. Me starta med dei to mest kjente landemerka her i byen, nemleg operahuset i Sydney og Sydney Harbour Bridge. Etter dette tok me ein ny turistbuss som er inkludert i billetten vår som køyrer ei anna rute enn den som køyrer inne i sentrum. Denne bussen tok oss litt utanfor byen og til blant anna Bondi Beach.

Me vart fortalt at det beste var å gå av ved ei strand som heiter Bronte Beach og gå kystvegen til Bondi Beach, så dette gjorde me. Bondi er kjent som den mest kjente stranda her i Sydney og det merka me på alle folka som hadde teke turen ut hit. Ein av grunnane var nok at det denne helga er Surfsho her på stranda me surfekonkurranse og konsertar for skodelystne. Etter å ha sjekka ut stranda ei stund reiste me vidare på bussen og såg resten av turen.

Været har vore litt skiftande her i Sydney med litt sol og skyer til regn. På kvelden den 13. regna det litt så me tok turen til eit handlesenter for å sjå oss litt rundt der. Me kom også over ein indisk festival som held på i helga på Darling Harbour.

Neste dag hadde me bestemt oss for å reise på Imax-kinoen som ligg her i Sydney. Sidan dei reklamerte med at dei har verdas største kinolerret måtte dette sjekkast ut. :) Me såg filmen Avatar i 3D. Me var også innom Paddy’s Markets som er ein kjempemarknad i Chinatown.

Elles så går tida ganske raskt og mykje av ho blir brukt på å vandre rundt i Sydneys gater. Det har vore litt mangel/svingande kvalitet på internett i det siste så beklagar at det har teke litt tid me å få laste opp bilde og postar. Uansett så skal bileta frå dei forrige dagane virke no (sjå forrige post), i tillegg til dei ferskaste bileta, som de finn her!

Dag 10, 11 og 12

3
Filed under Australia

Dag 9 markerte avslutninga på opphaldet vårt på Ko Tao. Om morgonen tok me ferja tilbake til fastlandet. Der venta ein busstur på 8 timar tilbake til Bangkok. Kl. 20.30 var me endeleg tilbake på Hotel Royal, same hotellet som me budde på når me var i Bangkok for nesten ei veke sidan. Etter middag slappa me av på hotellet etter ein lang dag på reisefot.

Dagen etterpå sjekka me ut av hotellet og reiste til flyplassen i Bangkok. Flyet vårt tok av om lag kl. 17.00, på veg mot Sydney, Australia. 9 timar seinare var me på plass i Sydney, kl. 06.00 lokal tid. Me tok taxi til hostellet me skal bu på, og sjekka inn. Når me kom til rommet vårt oppdaga me ikkje overraskande at me skulle dele det med fleire andre. Me var 6 stk. på  rommet, og me delte bad/dusj me dei andre romma i etasjen. Etter litt rådslaging, fann me ut at me heller ville betale litt ekstra for å få eit tomannsrom. Greitt å sleppe å dele eit lite rom med 4 andre, sjølv om me framleis deler bad/dusj med dei andre romma.

Resten av dagen nytta me til å sjå oss om i Sydney. Me kjøpte blant anna ein 3-dagsbilett, som gjev oss tilgang til sightseeingturar rundt omkring i byen, i tillegg til transport til flyplassen. Me starta på ein av desse sightseeingturane på ettermiddagen. Det var ein busstur som var innom 27 landemerke rundt omkring i Sydney. Over høgtalaranlegget i bussen vart det gitt informasjon om alle desse landemerka. Veldig interessant å høyre. Denne turen tek 2 timar viss ein ikkje går av på nokon attraksjonar, så me tok ikkje heile turen i dag. Billetten me kjøpte gjev oss tilgang til alle desse turane så mange gonger me vil dei neste 3 dagane.

Etter bussturen reise me til det 319 meter høge Sydney Tower. Her tok me heis opp til utkikksbalkongen. Utsikten herifrå var fantastisk. Me kunne sjå heile Sydney, og meir til.

Etter ein rask middag nytta me resten av kvelden til å slappe av på hotellet. Me hadde tross alt våre oppe sia kl. 06.00 lokal tid!

I morgon har me tenkt å fortsette sightseeinga, men i mellomtida, kan de sjå bilete frå dagens farting i Sydney her!

Dag 9

2
Filed under Thailand

I dag var eg på snorkling, og det var moro! :) Jan var og med, men han ville heller ta bilete enn å snorkle. Dagen starta tidleg sidan heile dagen var sett av til dette formålet. Me vart henta av den einaste forma for taxi som finst på øya, forutan båttaxi, altså ein pickup. Me var ein gjeng som vart stabla inn i karmen på bilen og fekk erfara mottoet som er her i Thailand; ”It’s always room for one more.”

Snorkleopplegget var bra. Ein stor båt reiste rundt øya og stoppa opp ca. 5 plassar der me kunne utfordre det lokale livet i havet (ca. 30-45 min på kvar plass). Opplevinga var heilt utruleg for min del. Eg fekk sett masse korallar, fiskar i alle fargar og storleikar, barrakuda og hai! Haiane var heilt klart eit høgdepunkt. Det er ikkje kvar dag ein får symje med slike skapningar. Det som også var spesielt var når fiskane vart mata rundt meg, det var fisk så å sei over alt kor eg såg (det var som å stikke hovudet ned i eit akvarium fylt med forskjellige fiskar :) ).

Siste post på turen var eit stopp på ei øy kalla Koh Naang Yuan. Det vart også tid til litt bading her på stranda og ved poolen før me i morgon skal reise til Bangkok igjen, denne gongen med buss. Det kan ta eit par dagar før neste oppdatering kjem, grunna  mykje reising dei neste dagane, men me garanterar å komma tilbake med meir. Enn så lengje, kan de sjå bileta frå dagens snorkletur her! :)

“Life is the future, not the past.”

Dag 8

8
Filed under Thailand

I dag hadde me som nemnt i går bestemt oss for å leige scooterar for å utforske øya litt nøyare. Det passa bra i dag sidan det var litt overskya. Etter frukost reiste me til ei av dei mange scooter-utleigarane i nærleiken av bungalowen vår. Prisen for 24 timar var 200 Baht (om lag 40 kr.), noko som eigentleg er ganske billeg med tanke på kor nye scooterane våre var. I tillegg var det ganske morosamt at dei var 125 kubikk, samanlikna med 50 kubikk som er mest vanleg her heime. Vegane her gjer seg ikkje spesielt godt til høg fart, men det var greitt med litt ekstra trekkraft når me skulle opp ein del bratte bakkar.

Etter å ha fylt ut eit leigeskjema, fekk me ei innføring i lokale trafikkreglar, som stort sett begrensa seg til; ”drive on the left side, everything else is normal!” Me drog deretter ut på tur, og etter om lag 20 min., hadde me køyrt heile øya på langs. Det å køyra på venstre side av vegen var litt løge i starten, men med litt erfaring føltes det naturleg.

Når me kom tilbake til bungalowen etter køyringa, oppdaga me at me hadde eit skadedyrproblem! Ein salamander (Gekko) me avkom sprang rundt på veggen bak kjøleskapet vårt. Etter mykje herjing måtte me berre innsjå at me ikkje klarte å jage dei ut. Dei vart rett og slett for raske for oss. Håpar berre ikkje dei kjem tilbake i natt!

I dag hadde også som mange har fått med seg Kim Henrik gebursdag. Den vart feira i hotellrestauranten der me pleier å eta. Bilete av festmiddagen er inkludert i dagens galleri. ;)

I morgon skal me på snorkling rundt øya her, så det bør bli mange spanande bilete i neste oppdatering. Fram til då, kan de nyte dagens bilete, som de finn her!

Dag 6 og 7

6
Filed under Thailand

Ja no er me snart ferdige me første veka på vår tur. Ikkje så mykje har skjedd sidan sist, det viktigaste må vera at eg ha måtte sette dykkekarrieren min på standby. :( Eg har hatt litt problem med den kjente sydenforkjølinga som rammar turistar i sydlege strøk, og pga. dette er det vanskeleg å utlikne trykket når ein skal dykke. Eg reknar med at sjansen til å ta dykkelappen vil by seg igjen seinare så eg tek det ikkje så negativt. Elles så har me det ganske avslappa. Dagane går som ein normal sydenferie med god mat, drikke, sol og bading som ikkje er eit dårleg alternativ til dykking.

Kan nemne at Thailand har nokon løgne mattradisjonar som me kjem over av og til. Ein kan til dømes få steikt skorpion, grashopper og mange andre insekt. Dette har me ikkje turt smake på, men det eg har smakt på er blant anna potetgull med sushi-smak (ikkje særleg godt), men det måtte prøvast sidan det stod at dan var ein bestseljar. Det er noko som ein ikkje finn så mykje av heime. :)

Elles, så er maten her ganske god og ein finn mange restaurantar som serverar  både thailandske rettar og vestleg mat, prisen kan ein heller ikkje klage på. Så mangel på matalternativ er det ikkje sjølv om øya i seg sjølv ikkje er så stor. I morgon har me tenkt å utforske meir av øya ved å leige scooter.

Dagens bilete finn de ved å trykkje her!

- Peace out!